Februar 2023 blei det klart for oppstart av forprosjektet Naturbasert reiseliv langs Nidelva, del 2.
Bak denne fasen av prosjektet står kommunane Kviteseid, Fyresdal, Nissedal, Åmli og Froland, i samarbeid med destinasjonsselskapa Visit Telemark og Visit Sørlandet, samt fylkeskommunane Agder og Vestfold/Telemark og Innovasjon Norge. Prosjektet har brei forankring og det ligg ei forventning om å involvere og engasjere aktørar langs heile vassdraget, for å koma opp med gode opplevingar for fastbuande og besøkande, og slik tilføre verdiskaping i heile området.
Faun Naturforvaltning og Feste Landskap • Arkitektur har fått oppdraget med å leie denne prosjektfasen. Arbeidet bygger på moglegheitsstudien «Naturbasert reiseliv langs Nidelva (PDF, 15 MB)» som vart utarbeidd i 2020 av ei styringsgruppe sett saman av representantar for Fyresdal, Nissedal, Åmli og Froland kommunar, Fasting Outdoor og Feste Landskap • Arkitektur. Prosjektet har ei tidsramme på 12 mnd med oppstart mars 2023. Prosjektområdet er definert frå Kilegrend i Fyresdal og Vrådal i Kviteseid og fylgjer vassdraget nedover Nidelva til Froland kommune.
Målet for arbeidet, på lang sikt, er å «skape auka attraktivitet og berekraftig verdiskaping knytt til naturbaserte opplevingar frå Fyresvatn og Nisser og langs Nidelva». Målet for denne fasen er vidare kartlegging av området og avklaringar kring kva som er mogleg å legge til rette for med utgangspunkt i landskapskvalitetar, pågåande planar og prosessar og ynskje om verdiskaping – og involvering og samtykke frå grunneigarar i området.
Området har eit vell av opplevingar å by på – arbeidet blir å få sett det i system, finne aktørar som kan levere på kvalitet og ikkje minst få på plass infrastruktur og ei besøksforvaltning som tek vare på området og gjer besøk her til ei triveleg oppleving for alle.
Prosjektleiinga går no inn i ei kartleggingsfase fram til sommarferien. Aktørar kan bli kontakta i denne perioden, for moglege synfaringar og informasjon om ulike område.
I august og september tek prosjektet sikte på å invitere grunneigarar (fyrst og fremst) og andre spesielt interesserte i dei ulike kommunane til dialogmøte. Her håpar vi på godt frammøte, for å få flest mogleg innspel og avklaringar knytt til kvar det er mogleg og ynskjeleg med utvikling, og kva område som skal vere urørte. De vil få invitasjon i god tid, på sms.
Vi har tru på at vi saman kan finne ein god måte å bruke ressursar i området til å skape berekraftige opplevingar som vil gjere området til ein meir attraktiv plass å bu, besøke og drive næring.
Helsing prosjektgruppa v/Monica Sølyst, Faun Naturforvaltning
Moglegheitsstudien "Naturbasert reiseliv langs Nidelva" (PDF, 15 MB)
Bilde av rapporten Naturbasert reiseliv langs Nidelva
Faun