Serveringsbevilling

Når treng du serveringsbevilling?

  • Dersom du planlegg å starte opp med servering av mat og/eller drikke.
  • Dersom du skal skjenke alkoholhaldig drikke. Då må du i tillegg ha skjenkebevilling

Korleis få serveringsbevilling?

Dagleg leiar ved serveringsstaden må ha bestatt etablerarprøva for å kunne søke om serveringsbevilling. Bevillinga vert gitt til selskapet som eig staden.

Korleis søke?

Bruk vårt elektroniske søknadsskjema som du finn under. Du vil bli bedt om å laste opp vedlegg undervegs, det er difor lurt å ha desse klare før du starter med utfylling av søknaden.

Søk om serveringsbevilling
 

Vedlegg til søknad:

  • Bekreftelse på bestått etablererprøve
  • Skatteattest for den hvis regning serveringsstedet skal drivast (foretak eller privatperson)
  • Målsatt tegning over serveringsstaden, inne og eventuelt ute

Kor lang tid tar det?

Søknad om serveringsbevilling skal behandlast innan 60 dagar. Søknaden blir sendt på høyring til politiet og eventuelt Skatteetaten. Behandlingstida kan bli lenger dersom høyringsinstansane bruker lang tid, har merknader til søknaden eller dersom du gjer endringar undervegs i søknadsbehandlinga.

Kva kostar det?

Det er gratis å søke om serveringsbevilling.

Krav frå Mattilsynet

Du skal være registrert eller godkjent hos Mattilsynet dersom du skal servere mat og/eller drikke.

Her finn du meir informasjon og søknadsskjema frå Mattilsynet

Lovar og reglar

Serveringslova

Regelverk for sals- og skjenkebevillingar