Konsekvensar ved brot på regelverk
Securitas utfører sals- og skjenkekontrollar i Åmli. Dersom det etter ein kontroll er konkludert med brot på alkohollova, er vi forplikta til å vurdere tildeling av prikkar. ved alvorlege brot skal det vurderast å melde det til politiet.
Dersom du i løpet av to år får tolv prikkar, kan vi dra inn sals- eller skjenkebevillinga di i ei veke. Når bevillinga er dradd inn, kan du ikkje selge eller skjenke alkohol.
Retningslinene er veiledande. Reaksjon overfor bevillingshaver må i kvart enkelt tilfelle besluttast på grunnlag av ei konkret vurdering.
Les meir i Alkoholpolitiske retningsliner for Åmli kommune, kap 6 (PDF, 427 kB)
Kor mange prikkar som vert tildelt ved type regelbrot:
8 prikkar
- Sal og skjenking til mindreårige
- Brot på bistandsplikten
- Brot på kravet om forsvarleg drift
- Hindring av kontroll
4 prikkar
- Sal og skjenking til åpenbart berusa person
- Brot på tidsbestemmelsane
- Skjenking av sprit til person mellom 18 og 20 år
- Brot på alderskrav til den som sel eller skjenker alkohol
2 prikkar
- Åpenbart påvirka person i lokalet
- Manglar ved internkontrollsystemet
- Manglande levering av omsetningsoppgåve
- Manglande betaling av gebyr
- Brot på reglar om styrar og stedfortreder
- Gjentatt diskriminering
- Gjentatt narkotikaomsetning
1 prikk
- Brot på reglane om alkoholfrie alternativ
- Brot på reglane om plassering av alkoholholdig drikk på salgsstaden
- Brot på reglane om skjenkemengde for brennevin
- Brot på vilkår i bevillingsvedtaket
- Konsum av medbrakt alkohol
- Gjester tar med alkohol ut
- Brot på reklameforbudet
Lovar og reglar