Når treng du skjenkebevilling?
- Dersom du har serveringsbevilling frå før og ønskjer å skjenke alkohol i tillegg.
- Dersom du vil starte pub eller restaurant der det også skal skjenkast alkohol. Du må ha serveringsbevilling for å få skjenkebevilling.
Korleis får du skjenkebevilling?
- Styrar og stedfortreder må ha bestått kunnskapsprøva før du kan søke om skjenkebevilling
- Det er krav om uklandereleg vandel ift aktuelle lovar
- Styrar og stedfortreder må være tilsett ved serveringsstaden eller arbeide der i kraft av eigarstilling
- Styrar og stedfortreder må være over 20 år
Korleis søke?
Bruk vårt elektroniske søknadsskjema som du finn under. Du vil bli bedt om å laste opp vedlegg undervegs, det er difor lurt å ha desse klare før du starter med utfylling av søknaden.
Vedlegg til søknad:
- Skatteattest for søkar, eigar (-ar) og andre med vesentleg innflytelse over verksemda
- Bekreftelse på bestått kunnskapsprøve for styrar og stedfortreder ved serveringsstaden
- Skisse over skjenkeareal inne og ute
- Leiekontrakt. Ved fremleige må du og sende inn tillatelse til fremleige og fremleigekontrakt
Kommunen kan i enkelte tilfelle be om endå meir dokumentasjon, som til dømes budsjett og plan for finansiering. Du finn full oversikt over vedlegg i søknadsskjemaet.
Kor lang tid tar det?
Saksbehandlingstida er inntil tre månader frå du har sendt oss alle nødvendige opplysnigar og dokument.
Før kommunestyret avgjer søknaden, skal det hentast inn uttale frå sosialtjenesten og politiet. Det kan og hentast inn uttale frå skatte- og avgiftsmyndigheitene.
Behandlingstida kan bli lenger dersom høyringsinstansane bruker lang tid, har merknader til søknaden eller hvis du gjer endringar undervegs i søknadsbehandlinga.
Kva koster det?
Ein må betale årleg bevillingsgebyr ihht § 6.2 i alkoholforskrifta.
Lovar og reglar
Regelverk for sals- og skjenkebevillingar
Guide til god internkontroll