Etablererprøva

Alle som ønsker det kan ta etablererprøva.

Dersom du er dagleg leiar på ein serveringsstad, og skal servere mat og alkoholfri drikke, må du ha bestått etablerarprøva. Den må være bestått for å få serveringsløyve.

Kva er pensum?

Det er Serveringslova som er pensum. For å lære meir om den kan du lese boka "Læremateriell - Etablererprøven for serveringsvirksomheter", eller du kan gå gjennom online opplæringsprogram. Både boka og opplæringsprogram kan kjøpast hos vinn.no.

Serveringslova

Les meir og kjøp læremateriell på vinn.no

Pris

Det koster kr 400,- å ta etablerarprøva.

Påmelding

Ta kontakt med kommunen for å avtale tid.

Du kan og ta prøva i andre kommunar.

Gjennomføring av prøva

Prøva gjennomførast på rådhuset i Åmli sentrum.

Du må ha med legitimasjon og kontanter for å betale. Vi har diverre ikkje bankterminal eller vipps.
Som gyldig legitimasjon godtas pass, førerkort eller bankkort med bilde. 

Prøva er ei fleirvalgsprøve på 90 minutt som gjennomførast ved bruk av pc. Du må svare riktig på 40 av 50 spørsmål.

Prøva avleggast på norsk. Det er ikkje høve til å ha med tolk eller bruke ordbok. Det er tillatt å bruke lovsamling/lovtekst.

Kor mange gonger kan du ta prøva?

Du kan ta prøva på nytt heilt til du består. Du må betale for kvart nye forsøk.

Prøvebevis

Alle som består etablerarprøva får eit prøvebevis. Du må ta godt vare på dette beviset. Dette er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap. Beviset er gyldig på ubestemt tid. Prøvebeviset vert laga mens du venter, eller  kan sendast til deg.