Næringsareale
Åmli kommune har eigne areal som er spesielt regulert og tilrettelagt for næring.
Åmli Næringspark
Mest eigna for større industrietableringar og spesielt gode vilkår for skog- og trebaserte industrielle bedrifter. Arealet er kommunalt eigd og er under opparbeiding/tilrettelegging.
Engenes Næringspark
Sentrumsnært kommunalt eigd areal med positiv utvikling. Veleigna for bedrifter som baserer seg på IT og dei tilsette sine kunnskapar, og på direkte besøk frå kundar.
Her har vi også kommunale areal for næringsverksemd og er sentrumsnært. Dette arealet er avsett til meir ruvande og større bygg.
Her har vi også kommunale areal for næringsverksemd og er sentrumsnært. Dette arealet er avsett til meir ruvande og større bygg.
Stigvassmoen
Eit privat areal som i kommuneplanen er avsett til næringsbygg og –etableringar. 3 km avstand til sentrum og med god vegforbindelse.
Simonstad
Eit nytt næringsområde på Simonstad, med nær tilknytning til dagens næringsområde på Jordøya er for tida under utvikling. Området ligg vest for elva og vil være ferdig regulert hausten 2019. Reguleringa vil primært tilrettelegge for komplementerande næring til aktiviteten på Jordøya, eller anna større industri.
Andre område
I kommuneplanen er det og opna opp nokre mindre grendevise område for mindre etableringar. Områda ligg på Selåsvatn, Nelaug og Gjøvdal. Desse areala er ikkje tilrettelagt med utbygd infrastruktur.