Tilskotsordningar

Åmli kommune deler kvart år ut tilskot til lag og organisasjonar i Åmli. 

Det finst følgjande tilskotsordningar, med søknadsfrist 1. april:

  • Aktivitets- og driftsstøtte
  • Prosjektstøtte
  • Investeringsstøtte
  • Arrangementsstøtte

Retningsliner for tilskot til lag og organisasjonar (PDF, 2 MB)

Søknadsskjema
 

Arbeidskrafttilskot

Åmli kommune gir arbeidkrafttilskot til dei tre idettslaga i Åmli, Dristug IL, Dølemo IL og Vardil IL, for løypekøyring og banerydding på skøytebanen. Tilskotet blir gitt etter søknad frå laga og dokumentasjon av utgifter.

Kulturpris

Åmli kommune deler ut kulturpris til organisasjonar eller enkeltpersonar som er frå eller bur i Åmli kommune, og som har gjort ein stor innsats for kulturlivet i kommunen. Kulturprisen er ein honnør til særleg verdifull innsats innanfor det utvida kulturomgreået. Prisen er på 10 000 kr, og  blir delt ut annakvart år (partalsår). Formannskapet fattar vedtak om kandidat, etter innkomne forslag.

Dei som tidlegare har fått prisen er:

ÅrNamn
1989Ivar Sundstøyl
1990Bjørg Krog Kleivene
1992Salve Austenå
1995Gotfred Lorentsen
1998Olav Nereson Oland
2000Anne Tone og Scott Aanby
2002Eldbjørg Smeland
2004Jon Skarli
2006Inger Knudsen
2008Odd Einar Ufsvatn
2010Jorunn Kløvfjell
2012Arild Håkedal
2014Tore Konnestad
2016Barbro Hillestad
2018Jol i Åmli
2020Jetmund Berntsen
2022Jens Magne Føreland