Ledsagerbeviset skal gjere kultur- og fritidstiltak meir tilgjengeleg, for å førebygge sosial isolasjon og bidra til auka livskvalitet. Den som har følgekort betaler sjølv sin inngangsbillett, medan følgjar kjem inn gratis.
Kven kan søke?
- Dei med fysisk funksjonshemming
- Dei som er utviklingshemma
- Dei som har ei psykisk lidingar
- Dei som har samansette/andre funksjonshemmingar
Det blir ikkje tatt omsyn til søkjaren sin økonomiske situasjon, eller søknader som har ein økonomisk grunngjeving. Ordninga omfattar ikkje korttidssjuke.
Kriteria for å få følgjekort
Det må ligge føre eit opplagt behov for følgje, støtte og tilsyn der det er naudsynt med følgje, stadfesta av lege eller anna helsepersonell.
Ledsagerbevis blir tildelt uavhengig av kor ofte det er aktuelt å gjere bruk av kultur- og fritidsaktivitetane. Ordninga er ikkje knytt opp til om vedkomande trygda.
Korleis søkjer eg?
Før du søkjer må du gå til legen for å få stadfesta behovet. Erklæringa skal vedleggast søknaden.
Skriv ut skjemaet, fyll det ut manuelt og send søknaden i posten til Åmli kommune, Tjenestekontoret, Gata 5, 4865 Åmli
Les meir hos Barne-, ungdoms og familiedirektoratet
Kor kan ein bruke ledsagerbeviset?
Ledsagerbevis skal gjelde i heile landet der arrangørar, transportselskap eller insitutsjonar som krev inngangspengar har akseptert ordninga. Sjå etter symbolet for ledsagerbevis ved inngangen.
Stadig fleire kommunar og institusjonar innfører no ordning med ledsagerbevis. Her er nokre av dei stadene du kan bruke ledsagerbeviset:
Lokalt (i Åmli kommune):
- Symjehallen
- Bygdekino
- Elvarheim museum
- Alle arrangørar som mottar kulturmidlar frå kommunen
Regionalt:
- Dyreparken i Kristiansand
- m.fl.
Nasjonalt:
- Norges idrettsforbunds arrangement
- Riksteatret
- Rikskonsertene
- Riksfergene
- NSB/tog 50% for den funksjonshemma, 50% for ledsger på full pris
- Norlandia-hotella, følgjar gratis i dobbeltrom med frukost
- Alle som mottar økonomisk støtte frå Kulturdepartementet til kulturformidling med billettsal
- Kongeparken i Stavanger
- Tusenfryd i Oslo
- Hunderfossen Familiepark
- Maihaugen på Lillehammer
- Sommarland i Bø i Telemark
- Sirkus
Lista over dei som mottar ledsagerbevis her er ikkje uttømande. Dersom du er i tvil, bør du ta direkte kontakt med den institusjonen du ønskjer å besøke for å høyre om denne tar ledsagerbevis.
Val av ledsager
Den funksjonshemma kan sjølv bestemme/velje ledsager, til eksempel: venn, familiemedlem, støttekontakt.
Retningsliner
Statens råd for likestilling av funksjonshemmede har utarbeid retningsliner med utfyllande merknader.
Les Statens råd for likestilling av funksjonshemmede sine retningsliner