Kva er ein rammeplan?
Ein rammeplan er overordna retningsliner på nasjonalt nivå for undervisninga i kulturskulen. Åmli kommune har vedtatt at undervisninga i kulturskulen skal følgje Norsk Kulturskuleråds Rammeplan.
Les Norsk Kulturskuleråds rammeplan
Det konkrete innhaldet i undervisinga blir fastsett i lokale læreplanar i kvart fag.
Mangfald og fordjuping
Rammeplanen har tittelen Mangfald og Fordjuping.
Mangfald og inneber at kulturskulen skal tilby undervisning i eit mangfald av kunstuttrykk, frå musikk til dans, drama, visuell kunst og skapande skriving.
Fordjuping inneber at elevane skal kunne utvikle seg og fordjupe seg gjennom eit langt opplæringsløp med nivådeling i breiddeprogram, kjerneprogram og fordjupingsprogram i alle fag.
Kuluturskulane på Agder har gått saman om eit felles talentprogram i musikk gjennom lørdagsskolen. Det blir jobba med tilsvarande talentprogram i andre fag.
Les mer om Lørdagsskolen
Kva er Norsk kulturskoleråd?
Norsk kulturskoleråd er ein interesseorganisasjon for kulturskular, eigd av alle kommunar i landet.
Nettsiden til Norsk Kulturskoleråd
Kulturskulane på Agder er organisert under lokalavdelinga Norsk Kulturskoleråd Agder
Nettsiden til Norsk Kulturskoleråd Agder
Alle kommunar skal ha eit kulturskuletilbod
Kulturskule er ei lovfesta kommunal teneste, forankra i Opplæringslova.
Les opplæringslova § 13-6