Tilbod om ein gratis fritidsaktivitet
Det blir kvart år delt ut skjema i klassene med oversikt over alle fritidsaktivitetar. Kommunen betalar eller refunderer påmeldingsavgift for ein fritidsaktivitet pr. barn i den aktuelle aldersgruppa.
Prosjektet blir finansiert gjennom Åmli kommune.
Informasjon om fritidsaktiviteter i Åmli kommune – oversikt over lag og organisasjoner, aktiviteter som tilbys, kontaktinformasjon til ansvarlige personer (PDF, 495 kB)
Oversikt over lag og organisasjonar i Åmli
Åmli kommune har over tid hatt høge tal på familiar med låg inntekt. Dette var blant anna grunnen til at kommunen i 2015 oppretta prosjektet «Tidlig innsats - Trygg oppvekst». Målet med prosjektet var å kartlegge situasjonen i Åmli, få ein oversikt over utfordringsbiletet og sjå på moglige tiltak for å betre barn og unges levekår. Prosjektet har sidan 2015 fått midlar av Barne- Ungdoms- og Familiedirektoratet gjennom nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom samt skjønnsmidlar frå Fylkesmannen. Hausten 2016 blei strategiplanen «bedre levekår blant barn og unge i Åmli kommune» lagt fram og tatt til orientering i kommunestyret, som løyva 100 000 kroner til prosjektet i 2017. Det skal også satsast i 2018 då kommunestyret løyva nye 200 000 kroner til prosjektet.
Les strategiplanen “bedre levekår blandt barn og unge i Åmli kommune” (PDF, 719 kB)
Strategiplanen legg fram fleire langsiktige og kortsiktige tiltak mot barnefattigdom som prosjektgruppa planlegg, koordinerer og gjennomfører. Sjølv om tiltaka ikkje vil gje direkte utslag på statistikken, vil tiltaka kunne bidra til at fleire barn og unge får høve til å delta på fritidsaktiviteter på lik linje med resten av samfunnet der dei kan oppleve mestring og utvikle ferdigheitar i lag med andre barn.
Relevante lenker:
Regjeringa sin strategi «barn som lever i fattigdom»
Fritidserklæringen