-Eit søvnkurs utarbeida av Helsedirektoratet
Kva tilbyr me?
Personar med lettare søvnproblem kan få veiledning i gode søvnvanar i Frisklivssentralen. Me tilbyr søvnkurset «Sov godt», som går over 4 samlingar, kvar på 2 timer. Kursdeltakarane lærer korleis dei sjølve kan leggje til rette for betre søvnvanar. Innhaldet i samlingane:
- Søvn og søvnvanskar
- Forestillingar om søvn
- Gode råd for betre søvn
- Søvndagbok
- Avslapningsteknikkar
Kven kan få tilbodet?
Kurset er for personar frå 18 år og oppover som opplever søvnvanskar som går ut over kvardagen og som ynskjer å betre søvnkvaliteten uten bruk av medikament. Kurset passar ikkje for deg med søvnapne, døgnrytmeforstyrrelsar eller restless legs.
Kva kostar det?
Kr.300,- pr kurs.