Kva kan me tilby?
Bra mat for betre helse er eit kurstilbod for personar som kan ha nytte av å gjere endringar i sine levevanar med fokus på kostholdsendringar. Kurskonseptet vektlegg kostholdsendring over tid under mottoet «små-skritt, store forbetringar», med utgangspunkt i Helsedirektoratets anbefalingar for ernæring og fysisk aktivitet.
Kurset tek føre seg tema som sunne matvarevalg, fem om dagen, regelmessige måltid, porsjonsstørrelsar, varedeklarasjonar, kostfiber, salt og sukker, feittkvalitet og praktisk matlaging. Kurset går over 5 kursgangar.
Kven kan få tilbodet?
Kurset passar for deg som ynskjer å gjere endringar i levevanar knytta til kosthald.
Kva kostar det?
Kurset kostar 300kr.