Kva tilbyr vi?
Vi tildeler trygghetsalarm etter vurdering av behov. Alarmen varslar til heimesjukepleia.
Behovet kan være knytt til:
- Sjukdom som kan føre til akutt behov for hjelp
- Fare for fall
- Utrygghet i forbindelse med sjukdom
Kven kan få trygghetsalarm?
Ein må ha eit særlig behov for trygghetsalarm i heimen på grunn av sjukdom eller funksjonshemming.
All tildeling av hjelpemidlar blir nøye vurdert med bakgrunn i behovet. Viss behovet endrar seg, gjer vi ei ny vurdering.
Slik søker du
Skriv ut skjemaet, fyll det ut og send søknaden i posten, Åmli kommune, ÅPOS, Gata 5, 4865 Åmli.
Kva kostar det?
Det betales eigenandel/leie på kr. 320,- per månad.
Eigenandelen regulerast kvart år.
Rekning sendast kvar månad.
Eingongskostnad for nøkkelboks i perioden du har trygghetsalarm: kr 200,-