Middag heimVi tilbyr middag med dessert levert til heimen kvar måndag og onsdag.Det er Frivilligsentralen som køyrer maten ut.Kva kan du forvente av oss?Velsmakande matLevering til avtalt tid og stadLevering vil starte opp etter avtaleKva forventer vi av deg?Du må være heime når middagen blir levertDu må sjølv kontakte Frivilligsentralen og bestille middagDu har sjølv ansvar for å avbestille hvis du ikkje skal ha middagKven kan få tilbodet?Eldre og uføre som ikkje klarer den daglige matlaginga sjølv.Du må bu nærare Åmli pleie og omsorgssenter enn 12 kilometer. Dette er i henhold til Næringsmiddeltilsynet sine reglar, og for å klare å halde maten varm.Korleis går du fram for å søke?Du må kontakte Frivilligsentralen for å gjøre avtale om du kan få middag heimKva kostar det?Per porsjon: kr. 120,-Korleis avbestiller du eit måltid?Vil du avbestille matlevering for ein dag, må du gjere det seinast klokka 12:00 dagen før.Du avbestiller ved å ringe kjøkkenet.Anna informasjon: Har du ønske om middag heim på andre eller fleire dagar, må du kontakte tenestekontoret. For å bli vurdert for middag heim fleire dagar, vil det bli gjort ei ernæringskartlegging av deg.