Til ungdom:
Du må være folkeregistrert i Åmli kommune pr 1. april inneværande år, og være i rett aldersgruppe for å kvalifisere for å søke slik jobb. (Dei siste åra har det vore dei som fyller 17 år i løpet av året som får slikt tilbod)
Både kommunen og private næringsdrivande vil vere arbeidsgjevarar.
Kvar enkelt får tilbod om jobb i ein bestemt periode (dei siste åra har det vore to veker), med løn etter kommunalt avtaleverk.
For hovudtyngda av arbeidsoppgåvene vil arbeidsstaden og oppmøteplassen være Åmli sentrum.
Søknadsskjema blir lagt ut på nettsida til kommunen på våren, og må fyllast ut og sendast kommunen innan fristen, uansett om du vil at kommunen skal finne arbeidsplass til deg eller du har avtalt med ein privat/næringsdrivande.
Om kommunen skal finne arbeidsplass må du krysse av for ønska arbeidsoppgåver og oppgi ønska tidsrom for arbeid. Om du veit du skal på ferie eller anna er det greit du skriv tidsrom du ikkje kan arbeide i søknadsskjemaet.
Til private/næringsdrivande:
Åmli kommune gir eit tilskot per time til private/næringsdrivande som tilbyr ungdom i rett aldersgruppe jobb i (for tida) to veker i løpet av skulens sommerferie. Dei skal ha 37,5 t/v arbeidstid.
Tilskotet frå kommunen vert for forhåndsbestemt periode (for tida to veker), sjølv om du som arbeidsgivar vel å tilby ungdommen sommarjobb i ein lenger periode.
Ungdomane skal lønast etter kommunalt avtaleverk.
Private/næringsdrivande som ønsker å ha ungdom i sommarjobb må fylle ut søknadskjema som blir lagt ut på kommunens nettside i februar/mars. Skjemaet må sendast til kommunen innan fristen, uansett om du har avtalt med ungdom(-ar) eller ikkje.