Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom er eit tilbod til ungdom, jenter og gutar mellom 13 og 20 år. 

På helsestasjon for ungdom kan du få råd og rettleiing om mellom anna rus, seksualitet, kjønnssjukdommar, psykiske problem og kosthald. Du kan også bli vist vidare til andre hjelpetilbod.

Her kan du ta opp aktuelle spørsmål kring helsa di, eller snakke med helsesjukepleiar om ting som opptek deg, eller plagar deg.

Helsesjukepleiar kan gi prevensjons- og seksualrettleiing og resept på hormonelle prevensjonsmiddel til jenter. Det er også høve til gratis klamydiatest og graviditetstest. Helsesjukepleiar samarbeider med lege og ved behov kan du få legetime.

Vi er også tilgjengelege på skulen

Vi har teieplikt!

Kva kostar det?

Tenesta er gratis

Kor finn du oss?

Åmli helsestasjon, Gata 19, 4865 ÅMLI

Opningstid

Onsdagar kl 16.30-17.30

Kontaktinfo finn du under (mobil/nettbrett) eller til høgre (på pc).

Preikes.no - anonym chattjeneste

Preikes er eit tilbod for deg som er elev på vidaregåande eller lærling i Agder. Her kan du kontakte helsesjukepleiar anonymt via chat eller melding.
Lurer du på noko, eller har behov for å lufte tankar?  Vi er her for deg! 

Les meir på preikes.no