Reduksjon i foreldrebetaling
Ingen skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si til barnehagen. Frå 1. august 2024 gjeld det for husstandar med samla inntekt som er lågare enn 275 000 kroner per år. Dette gjeld både kommunale og private barnehagar.
Vi gjer merksam på at alle må søkje på nytt ved kvart barnehageår og leggje ved siste skattemelding.
Retten til moderasjon gjeld frå og med den fyrste heile månaden etter søknadstidspunktet.
Gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5-åringar i barnehagen
Stortinget har vedteke gratis kjernetid 20 timar per veke for 2-, 3-, 4- og 5-åringer i husstandar med samla inntekt under kr 642 700- frå 01.08.2024.
Den same ordninga gjeld for barn med utsett skulestart.
For begge ordningane gjeld:
Som husstand vert rekna ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. Der barnet/barna bur fast hjå begge foreldra, skal betalinga reknast ut i frå inntekta i den heimen der barnet er registrert i folkeregisteret. Foreldrebetalinga skal reknast ut frå samla kapital- og personinntekt i husstanden.
For barnehageåret 2024/2025 må skattemelding for 2023 for husstanden leggjast ved søknaden som dokumentasjon. Dersom opplysningar om skattepliktig person- eller kapitalinntekter ikkje kjem fram i skattemeldinga, er søkjar pliktig til å opplyse om dette i søknaden.
Slik søker du
Du må sende elektronisk søknad på foresattportalen.
Hvis du treng veiledning for å logge deg inn på foresattportalen eller for å søke, kan du få god hjelp ved å gå inn på Vigilo hjelpesenter.
Det må søkast innan 1. august for å få redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid frå august.
Hvis du treng hjelp til å søke om redusert betaling og gratis kjernetid i barnehagen, kan du få god hjelp til dette ved å gå inn på Vigilo hjelpesenter.
Du kan søke utanom fristen. Søknaden må då sendast innan den 1. kvar månad. Retten til moderasjon gjeld frå og med den første heile månaden etter søknadstidspunktet.
Søknader om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid behandlast vanlegvis ikkje i juli.