I eInnsyn (via lenka under) finn du oversikt over alle politiske møte med innkalling og protokoll, tilbake til 1. oktober 2019.
Her fins oversikt over møte som det er sendt innkalling til, eller møte som er avholdt. Framtidige møte ligg ikkje i eInnsyn, då må du sjå i møteplanen.
Innkallingane er fullstendige med saksframlegg og vedlegg, samt referatsaker, delegerte vedtak m.m.
Om du leiter etter møtedokument frå før oktober 2019 må du ta kontakt med informasjonssenteret: 37 18 52 00 / post@amli.kommune.no og vi vil hjelpe deg.
Protokollar frå politiske møte blir godkjent i neste møte i same utval, difor er det verdt og merke seg at det kan være feil i protokollar frå møtedato fram til den er godkjent i neste møte.
Delegerte vedtak, referatsaker, meldinger, orienteringar og interpellasjonar/grunngitte spørsmål
Du kan finne delegerte vedtak, referatsaker, meldingssaker, orienteringar og interpellasjonar/grunngitte spørsmål i fulltekst på sakskartet.
Dei ligg alle under kategori "Referatsaker og delegerte vedtak". Det kan være litt vanskelig å skille dei ulike dokumenttypene frå kvarandre, men saksnummeret i starten er ein indikasjon. Vi har rutiner for tittel på meldingar og interpellasjoner/grunngitte spørsmål, så desse skal være lette å skille ut.
Kontrollutvalet
Møtedokument for kontrollutvalet
Les kommunestyredokumenta på biblioteket
Papirutgåve av innkalling til, og protokollane etter, kommunestyremøta kan du lese på Åmli bibliotek. Vi oppbevarer protokollar og innkallingar eit år tilbake i tid på biblioteket.
Biblioteket sine opningstider