Gullsmed Torunn B. RagutzkiDet var Sparebanken Sør som betalte og donerte ordførarkjedet til Åmli kommune.
Kjedet er laga av sølv med emalje, einerskiver og gull, med symbol på natur, historie, næringsliv og kultur i kommunen.
Nederst på ordførarkjede heng beveren i sølv og blå emalje, opphenget til beveren symboliserar dei tre kommunane, Åmli, Gjøvdal og Tovdal som var eigne kommunar. Dernest kjem ei sekskanta celle på kvar side som symboliserar birøkternæringa i Åmli. Dei kan også symbolisere lampene på Åmfossbrua sett ovanifrå.
Ramma består av sølv mens det inni cella er gull, desse blir gjentatt på heile kjedet.
Motiva på treskivene gjenspeiler det som er Åmli, gamle tradisjonar, framtida, næring, kunst og natur.
Desse symbola er:
- Hender - omsorg og dei tre kommunane
- Tre - skogbruk
- Plog - jordbruk
- Sølje - gamle tradisjonar
- Hardingfele - kulturliv og musikk
- Åmfossbrua - eit landemerke og eit symbol på elva
- Sagblad - sagbruk
- Volleyball - sport og fritid
- Gevir - jakt og fiske
- Turbin - eit symbol på at Åmli er ein kraftkommune
Kjedet brukast av ordførar eller varaordførar når dei representerer kommunen. Ved åpning av ulike arrangement eller i andre litt høgtidelege situasjonar.
Ordførar får nytt ordførarkjede 2007
Agderposten?
Åmli kommune sitt ordførarkjede
Åmli kommune
Reglement for Åmli kommune sitt ordførarkjede (PDF, 8 kB)