Kommunedirektøren er øvste administrative leiar for dei tilsette i kommunen.
Kommunedirektøren sine oppgåver og ansvar går fram av § 13-1 i kommunelova og av kommunen sitt delegasjonsreglement.
§13-1 i kommunelova
Kommunen sitt delegasjonsreglement (PDF, 888 kB)
Kommunedirektøren skal sjå til at saker som vert lagt fram for folkevalte organ er forsvarleg utgreidd og at politiske vedtak vert gjennomført.
Kommunedirektøren skal syte for at administrasjonen vert dreve i samsvar med lover, forskrifter og overordna instruksar og at det er tilstrekkeleg internkontroll.